Vi byggjer Alver kommune

logo alver kommune
Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune! Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene kommune er tillagt treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Rådgjevar innan skog- og utmarksforvaltning - 100% fast stilling

Meland kommune har ledig stilling som rådgjevar innan skog- og utmarksforvaltning.

I 2019 vil oppgåvene i praksis vere samordna mellom Meland, Radøy og Lindås kommunar. Frå 01.01.2020 blir dei tre kommunane slått saman til Alver kommune.

Arbeidsplass

I Alver kommune inngår stillinga i avdeling landbruk, ved tenesteområde Arealforvaltning. Dei tre andre avdelingane ved Arealforvaltning er plan og byggesak, kart og oppmåling, miljø og tilsyn. Det er lagt opp til tett samarbeid mellom avdelingane, og ut mot andre sektorar som t.d. samfunnsutvikling. Sektoren Samfunnsutvikling har m.a. ansvaret for kommuneplanen og næringsutvikling. Kontorstad i 2019 er rådhuset på Frekhaug. Frå 2020 vil dei tre landbrukskontora vere samla i større fagmiljø i Alver, med ein landbrukssjef og fem rådgjevarar.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene omfattar saksbehandling og oppfølging av saker innan viltforvaltning, innlandsfiske, utmark- og miljøforvaltning, med nær kopling mot kommunen si arealplanlegging.

Kvalifikasjonskrav

  • Vi søkjer deg som har relevant utdanning innan utmarksforvaltning, helst på masternivå, minimum bachelornivå. 
  • Relevant erfaring innan skog- og viltforvaltning er av stor betydning.
  • Du må like utstrakt kontakt med ulike partar, grunneigarar og aktørar, samstundes som du må kunne ta ansvar og arbeide sjølvstendig.
  • Du må sjå verdien av ei tverrfagleg tilnærming til oppgåvene, kunne formulere deg godt skriftleg og ha forståing for samfunnsoppdraget.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning

Søknad skal sendast

Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem. 
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju.

Søknadsfrist

  • 16.06.2019

Kontaktperson

 

Fant du det du lette etter?