Rektor

logo
Vinterlandbruksskulen i Ryfylke ambulerer mellom kommunane i Ryfylke og Haugalandet. Skulen har ein klasse VG3 Landbruk. Den tar inn vaksne elevar som på eitt år får agronomutdanning. Elevane sin gjennomsnittsalder ligg rundt 34 år. Det er svært god søknad til skulen.

Då noverande rektor går av for aldersgrensa, søkjer me etter ny

REKTOR

Rektor er øverste administrative og pedagogiske leiar. I jobben ligg også 40 % undervising. Det er undervising både på dagar og nokre kveldar i veka, og sidan skulen ambulerer mellom kommunane vil det vera reising til skulestaden. Dette gjev varierande arbeidstid, og det krevst fleksibilitet av den tilsette.

Me søkjer etter ein engasjert person med god teoretisk kunnskap innan landbruksfag, helst med masterutdanning frå NMBU. Og det er ynskjeleg med solid praktisk bakgrunn ifrå gardsdrift. 

Personen må vera løysingsorientert og entusiastisk og kunna  inspirera medarbeidarar og elevar i jobben for landbruk og bygdenæringar. Det er også ynskje om pedagogisk kompetanse, - dette kan eventuelt takast etter tilsetting. 

Den nytilsette vil koma til ein skule med godt renome, vaksne motiverte elevar og eit svært aktivt landbruksdistrikt. 

Lønn etter avtale. Pensjonsordning i SPK.

Søknad:

For meir info:

 

 

Fant du det du lette etter?