Rådgjevar skog- og utmarksforvaltning

logo alver kommune
Alver kommune er ein heilt ny kommune!

Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.


For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Alver kommune ved avdeling for landbruk har  ledig ei fast stilling som rådgjevar innan skog- og utmarksforvaltning. 

Om arbeidsstaden

Alver er ein av dei største jord- og skogkommunane i Vestland fylke. I lokalt skogbruk er det fokus på planlegging, vegbygging, hogst og forynging. Alver kommune opplever eit generasjonsskifte i landbruksnæringa, og informasjon og oppfølging av nye bønder er eit viktig satsingsområde.

Alver og samarbeidskommunane har kring 2400 landbrukseigedomar med eit produktivt skogareal på  380 000 daa.  Det er om lag 500 aktive bønder på små og store gardsbruk. Mange bønder driv med ulike bygdenæringar på garden.

Landbruk er ei av fire avdelingar under tenesteområdet Arealforvaltning i Alver kommune. Avdelinga har eit tett tverrfagleg samarbeid med dei tre andre avdelingane; plan og byggesak, kart og oppmåling, miljø og tilsyn, og med andre sektorar i kommunen. Avdeling for landbruk samarbeid og utførar arbeidsoppgåver for Austrheim kommune, Fedje kommune og Modalen kommune.

Kontorstad i Alver kommune vert på kommunehuset på Frekhaug. Landbrukskontoret har for tida ein landbrukssjef og tre rådgjevarar.

Avdeling for landbruk har som mål å bidra til eit godt og robust landbruksmiljø i regionen. God forvaltning og fokus på innovasjon og utvikling av landbruksnæringa er viktige satsingsområder.

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil gje deg høve til å vera med og utvikla skognæring i Alver og samarbeidskommunar. Stillinga er sjølvstendig og du vil kunne påverke eigen arbeidskvardag. Stillinga omfattar fokus på både næringsutvikling og forvaltning. Kompetanseoppbygging og rettleiing av skogeigarar er ein viktig del av arbeidsoppgåvene.

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga er i hovudsak:

  • Skogforvaltning: lovpålagte oppgåver t.d. forynging, skogfond, infrastruktur og sakshandsaming etter landbrukslovgivinga.
  • Næringsutvikling med skogen som ressurs, og informasjon og tilrettelegging for eit framtidsretta skogbruk
  • Utmarksforvaltning 

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. Fagfeltet utmarksforvaltning vert delt med kollega ved kontoret.

Kompetanse

Vi søkjer deg som har kompetanse, erfaring og interesse for forvaltning og utvikling av ei framtidsretta skognæring.

  • Relevant utdanning innan skog- og utmarksforvaltning, helst på masternivå, minimum bachelornivå.
  • Relevant erfaring innanfor aktivt skogbruk og skogforvaltning. 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel.
  • Du må ha setifikat og disponere bil.

Våre forventningar til deg

  • Har interesse og engasjement innanfor fagområde
  • Har gode samarbeidsevne
  • Tar ansvar og kan jobbe sjølvstendig
  • Er løysingsorientert og fleksibel
  • Har gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnle
  • Trivst i kontakt med ulike partar, grunneigarar og aktørar

Vi tilbyr

  • Variasjon i arbeidsoppgåver.
  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer.
  • Løn etter avtale basert på utdanning og erfaring.
  • God pensjonsordning.

Slik søker du

Høyres dette interessant ut? Vi høyrer gjerne frå deg. 

Vi bruker EasyCruit som rekrutteringskanal. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-rådgivar Hilde Kleivdal på e-post hilde.kleivdal@alver.kommune.no

Søknadsfrist

  • 08.03.2021

Send søknad

 

Fant du det du lette etter?