Rådgjevar/Seniorrådgjevar

logo fylkesmannen i vestfold og telemark
Fylkesmannen er staten sin representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er ein viktig rettstryggingsinstans. Vi har arbeidsoppgåver på ei rekke fagfelt, blant anna utdanning og oppvekst, helse- og sosial, miljø, landbruk, samfunnssikkerhet og beredskap, kommunal økonomi og forvaltning.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har ca. 210 medarbeidarar. Vi har kontor i Tønsberg og Skien. Hovudkontoret er lokalisert i Tønsberg. I 2020 flyt vi inn i nye lokale i Tønsberg ved jernbanestasjonen.

Hos Fylkesmannen i Vestfold og Telemark er det ledig ei fast 100% stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i landbruksavdelinga. Kontorstad vil vera i Tønsberg.

Landbruksavdelinga har 24 tilsette og er delt i 3 faggrupper: Matproduksjon og arealbruk, Skog og utmark og Næringsutvikling og berekraft. Arbeidsoppgåvene er knytt til tilskotsforvaltning, kontroll, lov- og arealsaker, næringsutvikling og ulikt informasjons- og utviklingsarbeid. Avdelinga er kompetansesenter på sine fagområde for kommunar og andre samarbeidspartar.

Arbeidsoppgåver

  • Forvaltningsoppgåver innan ulike tilskotsordningar.
  • Kontrollarbeid.
  • Opplæring og rettleiing av kommunar.
  • Nærings- og samfunnsutvikling.
  • Verdivurdering, takst, skjønnsutøving.

Kvalifikasjonar

  • 5-årig utdanning på Masternivå med vekt på fag innan landbruk, ressursforvaltning og/eller ressursøkonomi.
  • Erfaring frå privat eller offentleg verksemd blir tillagt vekt.
  • Kompetanse og/eller erfaring innan økonomi/rekneskap er ønskeleg.

Personlege eigenskapar som vi vil sjå etter

  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne.
  • Evne til samarbeid og gjennomføring.
  • Vere utadvent og ha gode pedagogiske evne.
  • Vere ryddig og påliteleg med omsyn til fristar og avtaler.
  • Sjølvgåande og initiativrik.

Vi tilbyr

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode sosiale vilkår med fleksibel arbeidstid og pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna.)
  • Lønn som rådgivar/seniorrådgivar, stillingskode 1434/1364 normalt kr. 560 000 – 630 000 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Generelle opplysningar 

Vi tar atterhald om endring av oppgåvene til stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort jf. offl. § 25, sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste.

Vi er opptekne av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i samfunnet. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søkje, uansett kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Embetet ynskjer å realisera målet til regjeringa  om at minst 5% av dei tilsette i staten skal vera personar med nedsett funksjonsevne eller ha avbrot i yrkeskarrieren.

Opplysningar om stillinga får du på førespurnad til landbruksdirektør Helge Nymoen, 
tlf. 35586251/95824023 eller ass. direktør Marita Bruun, tlf. 35586268/99614412.

Vi ber om at søknad, vedlagt vitnemål og relevante attester, blir sendt elektronisk via jobbnorge.no

Søknadsfrist: 18.11.2019.

 

Fant du det du lette etter?