Rådgjevar/seniorrådgjevar - arealplanlegging

logo
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Seksjon plan, klima og folkehelse skal bidra i arbeidet med å utvikle eit nyskapande og berekraftig Vestland, ved å setje retning, samhandle og engasjere. Viktige arbeidsområde for oss er å samordne aktivitet internt i fylkeskommunen, og å vere gode støttespelarar for kommunane og eksterne aktørar. 

Arbeidsoppgåver

  • Vere støttespelar og rådgjevar for kommunane ved kommunal planlegging 
  • Koordinator for regionalt planforum
  • Samordne internt, rettleie og gje uttalar i kommunale plansaker
  • Delta i regionale plan- og utviklingsoppgåver

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • Mastergrad innan arealplanlegging, geografi eller samfunnsgeografi. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet. 
  • Erfaring frå arbeid med arealplanlegging på lokalt og/eller regionalt nivå
  • God kunnskap om plan- og bygningslova

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Prosesskompetanse
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

Du vil få varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø. Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement. 

  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Fagleg utvikling

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet er nynorsk
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.
  • Arbeidsstaden er Leikanger

Kontaktinformasjon

  • Synnøve Stalheim, seksjonssjef,  47897260

Søknadsfrist

  • 02.08.2021

Søk på stillinga

 

Fant du det du lette etter?