Rådgjevar

logo alver kommune
Radøy kommune ligg sentralt plassert i Nordhordland, og grensar i sør til Lindås kommune og i nordaust til Austrheim. Kommunesenteret Manger ligg ca 50 kilometer nord for Bergen, og ca 35 kilometer frå Mongstad. Radøy kommune er kjend som den grøne øya, men består til saman av 269 øyer, holmar og skjer. Tilnamnet har kommunen fått på grunn av det frodige, grøne natur- og kulturlandskapet som går heilt ned i sjøkanten.

Radøy kommune er ein kommune i vekst, og runda i 2012 5000 innbyggjarar. Me har eit godt, desentralisert skule- og barnehagetilbod, og tilbyr gode tenester innan alle fagområde. Ynskjer du å bu i Radøy kommune, kan du også gleda deg over eit rikt kulturliv.

Sakshandsamar ved Felles landbrukskontor for Austrheim, Fedje og Radøy.

Søk på ein spennande stilling innan landbruksforvaltning. 

Kontoret står framføre spanande oppgåver og prosesser som også kan medføre samanslåing med andre kommunar i Nordhordland. Stillinga er lokalisert ved Manger men ved samanslåing kan arbeidsstad bli endra.

Om arbeidsstaden

Rådgjevaren blir del av staben på 2,5 stillingar ved felles landbrukskontor for Austrheim, Fedje og Radøy. Kontorstad er Manger, med fast kontordag i Austrheim ein dag i veka. Radøy kommune er vertskommune og arbeidsgjevar. Det er etablert samarbeid med Lindås kommune.

Ansvars og og arbeidsoppgåver for kontoret er

  • Sakshandsaming etter jordlov, konsesjonslov og odelslov
  • Prosjektarbeid knytt til bygde- og næringsutvikling innafor landbruk 
  • Ansvar for at tilskottsforvaltninga er forsvarleg
  • Informasjons- og rettleiingsarbeid 
  • Ansvar for miljøarbeid innafor landbruksnæringa 
  • Medspelar i samband med driftsutbygging.

Ansvar / arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for sakshandsaming ( Lov- og forvaltningssaker innan jord og skogbruk)
  • Skog- og viltforvaltning, landbruksveg og i tillegg noko tilskotsforvaltning og miljøarbeid
  • Rådgjeving og informasjonsarbeid
  • Tett dialog med næringa og deira organisasjonar

Kompetanse

  • Høgare landbruksfagleg utdanning, eller anna relevant utdanning frå universitet/høgskule
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå offentleg forvaltning og/eller sakshandsaming innan relevante fagområder
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Strukturert og systematisk

Eigenskaper

Evne til gode publikumsrelasjonar, er fleksibel, har stor arbeidskapasitet og godt humør.

Lønsvilkår

Løn etter avtale med bakgrunn i erfaring og kompetanse. 
Svært god pensjonsordning i KLP

Spennande arbeidspppåver i tre kommunar der det er vilje til å satse på landbruket.

Må disponere eigen bil og ha sertifikat kl. B. Kjøregodtgjersle etter statens sine satsar.

Du kan sende søknad slik

Send søknad elektronisk via Visma rekruttering.  

Attestar og vitnemål kan du laste opp til søknaden eller du tar dei med til eit eventuelt jobbintervju.

Ta kontakt med sørvistorget tlf 56 34 90 00 viss problemer med å registrere deg som søkar. 

Søknadsfrist

08.12.2019

Kontaktperson

 

Fant du det du lette etter?