Rådgiver - skogbruk, bioenergi og trebruk

Fylkesmannen i Rogaland
Fylkesmannen har mange utfordrande og spennande oppgåver i gjennomføringa av nasjonal landbrukspolitikk. På skogområdet har vi som hovudoppdrag å arbeide for å nå mål om auka berekraftig hogst, om å styrke skogen sitt bidrag til verdiskaping og i klimasamanheng.

Landbruksavdelinga har ledig ei fast stilling som rådgivar innan skogbruk, bioenergi og trebruk.

 

Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsområda for stillinga er forvaltnings- og utviklingsoppgåver knytt til ressursforvaltning, skogbiologi, skogskjøtsel. Arbeid for auka bruk av tre som byggemateriale, auka bruk av fornybar energi og bidrag til utvikling av utmarksbaserte næringar er også aktuelle oppgåver. 

Kvalifikasjonskrav

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som: 

  • har utdanning på mastergrads nivå. Aktuell utdanning er til dømes master i skogfag
  • har relevant erfaring innan skogområdet
  • har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
  • kan arbeide godt så vel åleine som i lag med andre og likar å finne løysingar
  • skriv klart og godt språk på begge målformer

Vi tilbyr

  • viktige arbeidsoppgåver og eit tverrfagleg fellesskap
  • lønn som rådgivar kr 470 000 - kr 620 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus

Det er 6 månaders prøvetid.

Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Spørsmål om stillinga

Nærare opplysningar kan ein få av landbruksdirektør Geir Skadberg, tlf. 51568964/ 97174751 eller ass. landbruksdirektør Anfinn Rosnes, tlf. 51568980 / 48147213.

Søknadsfrist:

  • 23. august

Søk stillingen

Fant du det du lette etter?