Rådgivar vassforvaltning for Nordmøre

Rådgivar vassforvaltning for Nordmøre
Møre og Romsdal fylkeskommune er i ferd med sette saman eit sterkt og tverrfagleg miljø i Kristiansund. Her skal vi bli ein del av Campus Kristiansund, og bidra til oppbygging av eit framtidsretta og moderne kunnskapsmiljø for forsking, innovasjon, høgare utdanning og kunnskapsdeling. Vi ser etter deg som har lyst til å vere med og utvikle og prege dette unike fellesskapet frå starten.

Vi søker etter

deg som vil bidra til å løyse miljøutfordringane i vassdrag og kystvatn på Nordmøre. Er du i tillegg initiativrik og god til å bygge nettverk? Bli med på laget vårt!

Møre og Romsdal fylkeskommune er vassregionmyndigheit i Møre og Romsdal vassregion, og vi har ansvar for arbeidet med å forbetre miljøet og økosystema i ferskvatn og sjø. Vi treng ein rådgivar til å følge opp vassområda på Nordmøre, gjennom miljøforbetrande tiltak, rettleiing, koordinering av kommunar og statlege myndigheiter, rapportering og gjennomføring.

Du får jobbe med

  • å planlegge og vere pådriver for gjennomføring av miljøtiltak
  • utvikling og deltaking i prosjekt som er med på å betre miljøforholda i vatn
  • rettleiing og kompetanseheving i kommunar, frivillige organisasjonar og andre aktørar i arbeidet med oppfølging av vassforskrifta
  • å skape lokal medverknad, oppslutning og engasjement i vassområda
  • koordingering av arbeidet i vassområdeutvala for Nordre Nordmøre og Søre Nordmøre

Vi søker deg som har

  • høgare naturfagleg utdanning
  • erfaring frå fagområdet og god kjennskap til offentleg forvaltning
  • erfaring frå prosess- og prosjektarbeid
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne

I tillegg ønsker vi at du har desse eigenskapane:

  • initiativrik og engasjert
  • samarbeids- og løysingsorientert
  • sjølvgåande og strukturert
  • dyktig til å bygge nettverk

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Stillinga er plassert i sentraladministrasjonen, for tida med arbeidssstad i Kristiansund.

I denne jobben blir du ein del av fylkeskommunen sitt tverrfaglege kunnskapsmiljø i Kristiansund. Fram til Campus Kristiansund sitt første byggetrinn står klart i 2023, vil arbeidsplassen i Kristiansund vere i nyoppussa lokale i F13-bygget rett ved campusområdet. Fylkeskommunen er ein viktig aktør i etableringa av Campus Kristiansund, og vil vere representert med alle sine tyngste fagområde. Saman med fleire andre aktørar skal vi bidra til å skape eit av dei mest attraktive kompetansenettverka i regionen vår.

Stillinga vil ligge i kompetanse- og næringsavdelinga og vere ein del av fagteamet for marin og naturressurs. Du vil inngå i eit samla fagmiljø for Møre og Romsdal vassregion, og du må rekne med jamlege kontordagar i Molde.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Fant du det du lette etter?