Rådgivar/seniorrådgivar - husdyrfag

logo fmro
Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Fylkesmannen skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 190 tilsette.

Fylkesmannen har ansvar for at nasjonal politikk blir formidla og følgt opp, og vi har ei viktig rettleiingsrolle mot kommuneleddet. Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen skal medverke til gjennomføring av den nasjonale landbrukspolitikken, og vi er delegert oppgåver frå Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet.

Arbeidet er forankra i lovar, forskrifter og ulike andre politikkdokument. Rogaland er i særstilling eit viktig landbruksfylke, og det er difor store tilskotsordningar som blir forvalta ut mot næringa. Samstundes har næringa utfordringar knyta til dyrehelse og miljø.

Landbruksavdelinga er linjeorganisert, og den aktuelle stillinga ligg i linja for tilskot og økonomi. Avdelinga skal bidra til å nå nasjonale landbrukspolitiske mål, kor m.a. matsikkerheit, auka verdiskaping og berekraftig landbruk er sentrale overordna mål. Stillinga vil omfatte både saksbehandling og utgreiings- og samarbeidsoppgåver ut mot næringa. Det er tett samarbeid i avdelinga om desse oppgåvene. Kompetanseformidling, særleg mot kommunane, er ei viktig oppgåve. Deltaking i ulike fora eksternt og arbeid med andre statlege regionale etatar er også ein del av, eksempelvis Mattilsynet. Bidrag i arbeidet knyta til dyrehelse vil bli ein del av arbeidet, i dette ligg også erstatningssaker og samhandling med næringsmiddelindustrien. Behandling av saker etter husdyrkonsesjonslova ligg til stillinga. Det kan bli endringar i stillingsinnhaldet som følgje av endringar i oppgåveporteføljen.

Vi ønsker oss ein medarbeidar som

  • har relevant utdanning innan husdyrfag frå høgskule eller universitet, fortrinnsvis på mastergradsnivå
  • har god kjennskap til landbruksforvaltninga
  • har god kompetanse om dei ulike husdyrproduksjonane
  • har kunnskap og interesse for dei landbruksbaserte verdikjedane
  • er fleksibel, systematisk og initiativrik
  • arbeider målretta og effektivt
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • lønn som rådgivar/seniorrådgivar, kr 470 000 - kr 620 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring (for særleg godt kvalifiserte kan høgare lønsplassering vurderast)
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • varierte, interessante og krevjande arbeidsoppgåver
  • triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Du får nærare opplysningar av landbruksdirektør Geir Skadberg, tlf. 51 56 89 64 eller på mobil 97 17 47 51 og ass. landbruksdirektør Anfinn Rosnes, mobil 48 14 72 13.

Jobbnorge-ID: 146112

Søknadsfrist: 20. januar 2018

 

Fant du det du lette etter?