Plantehelsemedarbeidar

logo mattilsynet
Mattilsynet skal sikre trygg mat og trygt drikkevatn, og trygg og miljøvennleg matproduksjon. Tilsynet har ansvar for å fremme god helse hos planter, fisk og dyr, og god dyrevelferd og respekt for dyr. Mattilsynet er eit sjølvstendig statleg tilsynsorgan som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Mattilsynet har om lag 1400 tilsette og er organisert med eit direktorat og fem regionar. Regionane utfører tilsyn gjennom å vere tilstades rundt om i landet.

Plantehelse - vikariat - Avdeling Bergen og omland 

Mattilsynet, Region Sør og Vest 

Region Sør og Vest består av Agderfylka, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Avdeling Bergen og omland har totalt ca 55 tilsette med kontorstadar i Bergen, Voss og Norheimsund. 

Team plantehelse og innsatsvarer har ansvar for Mattilsynet si forvaltning av desse fagområda i heile regionen. Den som vert tilsett vil inngå i teamet. Teamet arbeider på tvers av avdelingane og vert leia av fagrådgjevar plantehelse som har kontorstad i Bergen. 

Vi søkjer vikar for vår faste plantehelsemedarbeidar. Er du engasjert i fagområdet plantehelse, trives med å arbeide i team og har kompetanse innan feltet kan dette vere jobben for deg. 

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåvene vil vere tilsyn og sakshandsaming innan plantehelse, plantevernmiddel og gjødsel. 
  • Arbeidet inkluderer tilsyn i primærproduksjon av frukt, bær, grønsaker og prydplanter på friland, i planteskular og i veksthus. I tillegg kjem oppgåver knytt til import og eksport av planter, omsetnad i hagesenter og vidare. 
  • Overvåkings- og kartleggingsoppgåver samt tilsyn med plantevernmiddel og gjødselvare. 
  • Andre oppgåver innan Mattilsynet sitt forvaltingsområde må ein kunne rekne med.

Kvalifikasjonar

  • Du har utdanning innan plantevitenskap eller tilsvarande relevant utdanning, fortrinnsvis på masternivå (minimum bachelor). 
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men det er ikkje eit krav. 
  • Du har god norsk skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne. 
  • Du må ha førarkort i klasse B, kontoret disponerer leasingbil.

Personlege eigenskapar

  • Du trives med å arbeide i team, men kan også jobbe sjølvstendig. 
  • Du har evne til å lytte, rådføre deg med andre og kommunisere proaktivt. 
  • Du har evne til å takle uføresette situasjonar, ta initiativ og er opptatt av resultatoppnåing. 
  • Du er lojal og har ei god forståing for rolla som tilsynsmedarbeidar.

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø med fagleg utvikling. 
  • Fleksibel arbeidstid og gode kolleger. 
  • Stillinga er løna i st. kode 1498, førsteinspektør f.t. kr. 420.000 - 550.000. For særskilt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan stilling som seniorinspektør, kode 1499 og høgare avlønning verte vurdert. 
  • Som tilsett i staten nyt du godt av gunstige pensons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse, og du har rettar i samsvar med statleg regelverk og tariffavtalar. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen. 
  • Mattilsynet er oppteken av mangfald og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb i Mattilsynet uansett alder, kjønn, redusert funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 
  • Mattilsynet ønskjer å vere ein god arbeidsplass, og har inngått avtale om "inkluderande arbeidsliv". 

Vi ber om at du laster inn vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden din.

Søknadsfrist

  • 21.01.18

Les meir her: www.mattilsynet.no

Se annonsen her

Søk på stillinga

 

Fant du det du lette etter?