Planleggjar

logo ål kommune
Er du glad i friluftsliv (ski, sykkel, klatring, riding, vandring) og set pris på eit rikt kulturliv er Ål plassen for deg – sentralt i Sør-Noreg midt mellom Oslo og Bergen.

100 % fast stilling som planleggjar i utviklingsavdelinga Ål kommune i Hallingdal

Hovudoppgåva blir arealplanlegging med handsaming av private og kommunale reguleringsplanar.
 
Som vår medarbeidar blir du ein del av det faglege miljøet i kontorfellesskap med byggesak, oppmåling, landbruk, kart, næringsutvikling og folkehelse.
 

Vi ønsker at du:

  • har formell plankompetanse
  • har erfaring frå arbeid med reguleringsplanar  og god kjennskap til plan- og bygningslova, men naudsynt opplæring vil bli gitt
  • vil vera med å jobbe for utvikling i Ål
  • er open og lærevillig og likar å samarbeide med andre
  • har forståing for prosessar
  • utrykker deg klart og forståeleg munnleg og skriftleg
Løn etter avtale. Gunstig pensjonsordning.
 
Vi hjelper til med å skaffe bustad og barnehageplass.
 
For informasjon om stillinga, ta kontakt med drifts- og utviklingssjef Reidun Aaker, tlf 99287854.
 
Søknad via Ål kommune sin elektroniske søkeportal www.aal.kommune.no under fane ledige stillingar. Les meir om kva som skjer i Ål og Hallingdal på www.al.no
 
Søknadsfrist: 6. oktober
 

Fant du det du lette etter?