Naturrettleiar

logo
Stiftinga Jostedalsbreen Nasjonalparksenter ligg i Oppstryn i Stryn kommune, midt i det norske fjordlandskapet, omringa av frodige dalar og bratte fjell. Senteret opna dørene i 1993 og vart autorisert av Miljødirektoratet som nasjonalparksenter i 1997. Stiftinga er ei sjølveigande, almennyttig institusjon oppretta av Den Norske Turistforening, Fylkesmannen i Vestland, Musea i Sogn og Fjordane, Norges Geotekniske Institutt, Norsk Botanisk Foreining, Stryn kommune og Høgskulen på Vestlandet.

Besøkssenter Jostedalsbreen nasjonalpark i Oppstryn søkjer etter deg som kan formidle og bidra til naturglede og styrkje kunnskap, interesse og engasjement for naturen.

Jostedalsbreen nasjonalparksenter er ein kunnskapsformidlar med eit variert spekter av informasjon. Frå ulike perspektiv presenterer vi Jostedalsbreen nasjonalpark og omkringliggande områder. I utstillinga vår inne kan ein lære meir om skred, kulturlandskap og kulturhistorie i nærområdet, geologi, glasiologi, litt om klima, og ei biologisk mangfald utstilling med ei samling av utstoppa norske dyr. Ute har senteret ein ny botanisk hage med rundt 220 plantar, samt ein oppgradert geologisk park med 26 steinblokker frå regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. 

Den vi leitar etter må ha gode kunnskapar om natur og miljø og ha evne til å formidle dette på ein lettfatteleg og engasjerande måte. Den tilsette sine arbeidsoppgåver vil bestå av dagleg formidlingsarbeid ved senteret og utviklingsarbeid vedrørande formidlingsaktivitet, utstillingar og informasjonsmateriell i tett samarbeid med dagleg leiar. Naturrettleiaren skal tilby naturrettleiing og aktivitetar i og utanfor senteret. Skuleverk og reiseliv vil vere viktige målgrupper for naturrettleiinga ved nasjonalparksenteret. Stillinga vil krevje noko arbeid på kveldar, laurdagar, søndagar og andre heilagdagar. Vi ønskjer ein omgjengeleg, engasjert og imøtekomande person med god og allsidig fagleg bakgrunn, både naturfagleg og pedagogisk. Erfaring frå formidling, prosjekt- og utviklingsarbeid vil bli vektlagt. 
Noko reising er påkrevd, så søkjar må ha førarkort og disponere eigen bil.

Sentrale arbeidsoppgåver;

  • Naturformidling, rettleiing og anna informasjonsarbeid knytta til fagområder som t.d skred, botanikk, geologi, biologi, glasiologi og klima.
  • Utarbeiding av informasjonsmateriell og formidlingskonsept
  • Drift og vidareutvikling av senteret sine utstillingar og aktivitetar
  • Utarbeide undervisningstilbod for barnehagar og skular
  • Ta eige initiativ til utvikling som styrkjer formidlingsfunksjonen og tiltrekkjer nye målgrupper
  • Deltaking i ulike faglege prosjekt
  • Andre relevante oppgåver, blant anna bistand til dagleg leiar, betening på opne dagar etc.

Kvalifikasjonar;

  • Høgare utdanning, minimum bachelornivå innanfor naturvitenskapelege fag. 
    Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring innan formidling er ein fordel
  • Erfaring frå prosjektarbeid
  • Førarkort kl. B

Eigenskapar;

  • Evne til å formidle kunnskap på ein nøytral, men spanande måte
  • Trivast med å vere synleg
  • Utadvendt og relasjonsskapande
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Beherskar godt engelsk.
  • Tverrfagleg forståing
  • God formidlar som er nytenkjande, fleksibel og nøyaktig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kreativ og initiativrik

Vi kan tilby;

  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Type stilling: 3-årig prosjektstilling med arbeidsplass på nasjonalparksenteret i Oppstryn i Stryn kommune
  • Fleksibel arbeidstid og lønn etter avtale

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved dagleg leiar; Wenche Nesje, tlf. 916 23 883.

Søknad og CV sendast elektronisk til mail@visitjostedalsbreen.no innan 30. september 2020.

Tiltreding etter avtale.


 

Fant du det du lette etter?