Miljøvernkoordinator

logo stryn kommune
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.

Miljøvernkoordinator - 100% fast stilling frå 1. juni 2020.

Vår miljøvernleiar ynskjer å pensjonerer seg, vi søkjer difor etter ein person med interesse for miljø og klima og solid biologisk kunnskap, til hans etterfølgjar.

Behovet for biologisk fagkompetanse i den kommunale forvaltninga har auka, og den vil auke vidare. Det er minst to viktige samfunnsoppgåver der biologisk kunnskap er svært viktig og der kommunen vil vere ein sentral aktør:

- Utrydding av artar og øydelegging av naturmangfald
- Menneskeskapte klimaendringar

Vi søkjer etter ein person som vil inngå i eit tverrfagleg team som jobbar med overordna planlegging. Den som vert tilsett vil bli sentral i overordna strategiske utviklingsoppgåver i kommunen innanfor miljø- og klimaområdet.

Stillinga er plassert i Plan- og næringsavdelinga, og inngår i rådmannen sin stab. Avdelinga sitt hovud-ansvarsområde er overordna planlegging etter plan- og bygningslova, miljøvern- og friluftsliv, viltfor-valtning, landbruk og næringsutvikling. 

Arbeidsoppgåver

I denne stillinga vil du ha mange varierte oppgåver og utfordringar knytt til kommunen sine lovpålagde oppgåver og ønska utvikling, blant anna:

  • Bidra til kommunen sitt strategiske arbeid, blant anna i arealplanlegging
  • Konsekvensutgreiing i samband med oversiktsplanlegging
  • Sakshandsaming etter forureiningslova med tilhøyrande føreskrifter
  • Sakshandsaming etter motorferdselslova
  • Arbeid knytt til kommunen sitt ansvar for natur og friluftsliv
  • Vere pådrivar for kommunen sitt arbeid med klimaomstilling
  • Arbeid knytt til viltforvaltning
  • Arbeid knytt til vassressursforvaltning
  • Rettleiing og rådgjevingsoppgåve mot publikum og intern i organisasjonen

Kvalifikasjonar

Relevant kompetanse på masternivå innan natur og miljøforvaltning, klimaomstilling eller liknande.

Personlege eigenskapar

  • Ein fleksibel medarbeidar som kan jobbe sjølvstendig men også i team
  • God kjennskap til aktuelle lovverk
  • God kunnskap om og erfaring med bruk av digitale verkty
  • God kjennskap til offentleg forvaltning
  • Trivast med prosjektarbeid
  • Ein medarbeidar som ser mulegheiter og tar initiativ

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ein variert og spennande arbeidskvardag med gode faglege utviklingsmulegheiter
  • Nødvendig opplæring/innføring i eit solid fagmiljø
  • Kommunale tilsetjingsvilkår, løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

  • Geirmund Dvergsdal, Plan og næringssjef, 97197092

Søknadsfrist

  • 15.12.2019

Søk på stillinga

 

Fant du det du lette etter?