Leiar - næring, plan, utvikling

logo
Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med: ein natur som inviterer til topp-tur i Jotunheimen? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?

Dette finn du særleg rett utforbi døra på Beitostølen, men også i resten av kommunen.

Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange spanande arbeidsplassar. Kommunen har full barnehagedekning, god skule og eit aktivt og variert kulturliv. Nytt helsetun vart teke i bruk i 2021. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Øystre Slidre kommune har ledig stilling som leiar for næring, plan og utvikling. Vi håper du vil bli vår neste leiar for denne viktige tenesta. Næring, plan og utvikling har 9 årsverk og ansvar for viktig utviklingsarbeid i kommunen: næringsutvikling innanfor landbruk, reiseliv, bygg og anlegg m.v., kommuneplanlegging og reguleringsplanar, utmarksforvaltning med sti- og løypeplanlegging, byggesak, oppmåling, spreidd avløp, miljøspørsmål m.v. Leiaren rapporterer direkte til rådmannen. 

Arbeidsoppgåver

Vi søker ein utviklingsorientert leiar som er flink med folk. Du må vera fagleg interessert og kunne kommunisere godt med innbyggarar og utbyggarar. Du må kunne gje arbeidsrom og motivere fagleg flinke medarbeidarar i kommunen, og du må medverke til samhandling på tvers i organisasjonen. Du kan gjerne ha forvaltningserfaring frå offentleg sektor.  

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg med:

  • Mastergrad innan relevante fagområde
  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne frå kommunal sektor
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Utviklings- og løysningsorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Strukturert og målretta
  • Gode analytiske evne

Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • Lønn etter avtale

Kontaktinformasjon

  • Jostein Aanestad, Rådmann, 99165935

Søknadsfrist

  • 25.10.2021

Søk på stillinga

 

Fant du det du lette etter?