Landbrukssjef

logo
Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor er eit interkommunalt samarbeid med Ringebu og Sør-Fron kommunar som eigarar. Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor har ansvaret for kommunal forvaltning i høve til skog- og jordbruk, miljø- og utmark i dei to kommunane.

Kontoret ligg på Hundorp, med Sør-Fron kommune som administrasjonskommune og arbeidsgjevar.

Ledig stilling som landbrukssjef, 100 % fast, 2. gangs utlysning 

Landbrukssjefen er dagleg leiar for landbrukskontoret og har personal- og budsjettansvar. Rådmannen i Sør-Fron kommune er næraste overordna.

Landbrukssjefen har ansvar for å leie den kommunale forvaltninga i høve til  jord-, skogbruk, utmark og miljø i Ringebu og Sør-Fron. Herunder saksbehandling for politiske organ, kontrolloppgåver, verkemiddelbruk, samt kontakt med næringa og det øvrige fagmiljøet i dei to kommunane. Planlegging og utviklingsoppgåver knytt til jord- og skogbruk vil vere sentrale arbeidsoppgåver. Landbrukssjefen skal bidra til landbruksretta næringsutvikling i dei to kommunene. 

Vi søker ein person

  • med mastergrad eller tilsvarande innan jordbruk/skogbruk/naturforvaltning
  • med høg kompetanse innan alle aspekt ved landbruket, både det praktiske og det administrative
  • som er flink til å byggje gode relasjonar, og til å skape eit godt samarbeid
  • som er god til å uttrykkje seg skriftleg og muntleg
  • som er sjølvstendig og stabil
  • som er ein tydeleg, målretta og handlingsdyktig leiar

Vi tilbyr

  • eit godt og engasjerande arbeidsmiljø
  • gunstig forsikrings- og pensjonsordning
  • løn etter avtale

Tilsetjing i tråd med lover, tariffavtale og kommunens reglement.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte kommunalsjef Anne Holsbrekken, mob 90 09 62 47, alternativt rådmann Rune Fromreide Sommer, mob 92 69 16 32.

Søknad skal sendast i vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du har behov for hjelp til å søke elektronisk, kan du ta kontakt med vårt servicekontor på tlf. 61 29 90 00 eller møte opp på servicekontoret på kommunehuset.

Søknadskjema finner du her.

Søknadsfrist: 20.04.2020. Meirk søknaden med arkivsaknummer: 19/1374

Namn, adresse, alder og stilling på søkjarar blir offentleggjort etter søknadsfristens utløp ihht. Offentleglova. Søkjarar som ønskjer konfidensiell behandling, må grunngje dette spesielt i søknaden. Arbeidsgjevar vil ikkje bli kontakta av annonseselgere.

 

Fant du det du lette etter?