Kommuneplanleggjar, byggesakshandsamar og avdelingsingeniør

logo øystre slidre kommune
Øystre Slidre – ein kommune i utvikling

Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med: ein natur som inviterer til topp-tur i Jotunheimen? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?

Dette finn du særleg rett utforbi døra på Beitostølen, men også i resten av kommunen. Du finn også eit rikt kulturliv i kommunen og i Valdres.

Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange nye spanande arbeidsplassar. Kommunen planlegg for at denne positive utviklinga skal halde fram. Vi treng fleire med på laget for å få til det, og vil difor styrke plan- og utviklingsområdet med fleire nye medarbeidarar. Vi håper du vil bli med på dette laget og søkje på ein av desse stillingane:

Kommuneplanleggjar/miljørådgjevar

Vi søkjer etter ein medarbeidar innan plan- og miljøområdet. Aktuelle oppgåver er utarbeiding av kommunal planstrategi, revidering av kommuneplanen (samfunnsdelen og arealdelen), utarbeiding av kommunedelplanar og faglege analysar (m.a. stads- og moglegheitsanalysar) som grunnlag for dette planverket. Til stillinga ligg også oppgåver som miljørådgjevar, med ansvar innan klima- og klimatilpassing, verne- og utbyggingsplanar i LNF-område og andre miljørelaterte oppgåver.

Stillinga har krav om minst 3-årig høyskole-/universitetsutdanning. Det er ynskjeleg med master innanfor planlegging eller naturforvaltning og erfaring frå kommunal planlegging og frå miljøområdet. 

Søkjarar må ha god formuleringsevne munnleg og skriftleg og gode analytiske evner og interesser for fagområdet. Vi søkjer deg som er ansvarsbevisst og initiativrik, og som har ei positiv haldning til tverrfagleg teamarbeid. 

Nærare opplysningar ved leiar for næring, plan og byggesak, Kjell Håvard Tuv, tlf. 61 35 25 27. Søknad skal merkast med arkivsak 19/1094.

Byggesakshandsamar/spreidd avløp

Vi søkjer etter ein medarbeidar med ansvar for sakshandsaming av byggesaker og søknader om spreidde avløpsanlegg. Kontroll- og tilsynsoppgåver, i tillegg til utgreiing og prosjektering av mindre VA-anlegg er lagt til stillinga. 

Det er ynskjeleg at søkjar er ingeniør eller tilsvarande, men dette er ikkje eit absolutt krav. Det er også ynskeleg med relevant erfaring frå byggesakshandsaming eller frå bygg- og anleggverksemd.

Søkjarar må ha god formuleringsevne munnleg og skriftleg og gode analytiske evner og interesser for fagområdet. Vi søkjer deg som er ansvarsbevisst og initiativrik, og som har ei positiv haldning til tverrfagleg teamarbeid. 

Nærare opplysningar ved leiar for næring, plan og byggesak, Kjell Håvard Tuv, tlf. 61 35 25 27. Søknad skal merkast med arkivsak 19/1095.

Avdelingsingeniør

Kommunen har ei nyoppretta 100% fast stilling som avdelingsingeniør. Teknisk drift har ansvar for veg, vatn/avløp og forvalting og vedlikehald av kommunal eigedom. Vi søkjer etter ein person med relevant utdanning og kompetanse innan planlegging, utbygging og drift av kommunale VVA-anlegg og bygningar. Arbeidsoppgåvene vil kunne omfatte alle fasar frå utgreiing, prosjektering og anleggsoppfølging. 

Søkjarar må ha god formuleringsevne munnleg og skriftleg, og god evne til planlegging og resultatoppnåing. Vi søkjer deg som er kreativ, har gode samarbeidsevner, og som har ei god serviceinnstilling. Gode IKT-kunnskapar er ein føresetnad, og det er ein fordel om du har kjennskap til lov om offentlege innkjøp.

Nærare opplysningar ved leiar for teknisk drift, Ellen Petrine Fretheim tlf. 900 11 770. Søknad skal merkast med arkivsak 19/1096.

Felles for stillingane:

Vi kan tilby:

  • utfordrande stilling i ein kommune i stor utvikling
  • godt arbeidsmiljø med positive og dyktige medarbeidarar
  • konkurransedyktig lønn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode lønns- og arbeidsvilkår
  • eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø, med faglege utfordringar og gode mogelegheiter for personleg utvikling

Søknad skal sendast elektronisk via våre internettsider:

Søknadsfrist:

  • 27. juni 2019

 

 

Fant du det du lette etter?