Jurist

logo bjørnafjorden kommune
Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.

Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og - ikkje minst - gjere det vi seier.

Vi søkjer etter jurist for fast tilsetjing i 100% stilling

Bjørnafjorden landbrukskontor er eit interkommunalt landbrukskontor for kommunane Bjørnafjorden, Tysnes og  Samnanger i Vestland fylke. Hovudkontoret ligg i Eikelandsosen. Stillinga er ledig omgåande.

Arbeidsstad

Bjørnafjorden landbrukskontor

Arbeidsoppgåver

Landbrukskontoret har 5 tilsette som arbeidar i team. Vi søkjer ein lagspelar som kan samarbeide og vere ein del av teamet, men som og kan arbeida sjølvstendig. Vi treng fleksibilitet og evne til å tenkje nytt og tverrfagleg.

Landbrukskontoret har ansvar for alle saker som gjeld tradisjonelt landbruk, inkl tilskotsordningar. Vi arbeidar med skog og viltforvalting, miljøretta ordningar i landbruket, tilleggsnæringar mm. Oppgåvene vil variere, avhengig av kompetanse, kapasitet og interesser.

Som jurist vil du ha hovudansvar for kontoret sitt arbeid med særleg Jordlova, Konsesjonslova og Odelslova. Elles er det mange saker der vi treng juridiske vurderingar innan t.d. Forvaltingslova. 

Kvalifikasjonar

  • Master i rettsvitenskap eller tilsvarande
  • Kjennskap til kommunal forvalting og sakshandsaming vil vere ein fordel
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde, og det er trong for tverrfagleg interesse
  • Søkjar må ha sertifikat og bør disponera eigen bil

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend.

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med fokus på utvikling og trivsel, og interessante arbeidsoppgåver.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
 
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.

Kontaktperson

Øystein Svalheim, Landbrukssjef, tlf: 56 58 01 40, mobil: 958 84 074, osv@bjornafjorden.kommune.no

Søknadsfrist

  • 02.03.2020

 

Fant du det du lette etter?