Daglig leiar / Fjelloppsyn

logo lom fjellstyre
Lom fjellstyre forvaltar bruksrettane i Vårdalen, Visdalen og Leir- og Bøverdalen statsallmenningar, som utgjer eit areal på ca. 1,2 mill. dekar. Det aller meste av arealet er høgfjell og omfattar vel halvparten av Jotunheimen nasjonalpark, delar av Breheimen NP og delar av Reinheimen NP, samt eitt landskapsvernområde og to naturreservat.

Lom fjellstyre hadde siste rekneskapsåret ein omsetnad på ca 2,4 millioner kroner og sysselsette til saman 2,1 årsverk.

Ledig 100 % fast stilling som dagleg leiar/fjelloppsyn i Lom fjellstyre

Ansvarsområde for stillinga

  • Daglig drift og fjelloppsyn i statsallmenningane Lom fjellstyre forvaltar, som inneber saksbehandling og gjennomføring av fjellstyret sine vedtak. Sekretær for fjellstyret. Fagleg ansvar og administrasjon av vilt- og fiskeressursane.
  • Økonomistyring. Fjellstyret er ei økonomisk sjølvstendig eining med rekneskapsplikt.
  • Sal av tenester til SNO, vernemyndigheiter, NVE og andre.
  • Personell og HMS ansvar for fjellstyret sine tilsette.
  • Naturoppsyn, skjøtsel og informasjon.
  • Drift av heimeside.
  • Drift og utleige av fjellstyret sine hytter.

Nødvendige kvalifikasjonar

  • Utdanning innan utmarks- og/eller naturforvaltning 
  • Tilfredsstille krav for tildeling av politimyndigheit. 
  • Førarkort i klasse BE og disponere eigen bil

Ønskte kvalifikasjonar

  • Erfaring med saksbehandling, arbeidsleiing og økonomiforvaltning
  • Løysingsorientert og gode evner til samarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode kunnskapar i bruk av dataverktøy
  • Avlagt jegerprøve
  • Naturoppsynskurs
  • Førarkort i klasse S dersom førarkort klasse B er gjennomført etter 1.7.2006
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi kan tilby

  • 100 % fast stilling
  • Ein utfordrande og spennande jobb med sesongvariasjonar
  • Eit variert arbeid knytt til fjellet
  • Kontorplass i eit triveleg og godt fagmiljø på Norsk Fjellsenter
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

Løns- og arbeidsvilkår

  • Lønsmessig plassering etter bachelor nivå i fjellstyrenes tariffavtale
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • 6 månaders prøvetid
  • Tenestebil.  Sambruk av denne med andre tilsette i fjellstyret

Merk at namnet på ein søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at namnet blir unntatt offentlegheit. Ønskje om unntatt offentlegheit må grunngjevast i søknaden jf. offentlegheitslova § 25, andre ledd. Du vil bli varsla dersom ønsket ikkje kan etterkomast.

Oppstart den 1. juni 2019, eller etter avtale.

Søknadsfrist

  • 20. januar 2019

Kontaktpersonar

Søk stillingen

 

Fant du det du lette etter?