Bygningsingeniør/ byggesaksbehandlar - konsulent

logo hemsedal kommune
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2450 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.
Hemsedal kommune står framom store utbyggingar, og treng å styrke staben innan fleire fagområdar. Det er ledig 100% stilling. Stillinga ligg til teknisk etat, som har ansvaret for fagområda innan forvaltningsområda bygg, kart- og oppmåling, arealplan, landbruk, næring, miljø og tekniske tenester.
 

Arbeidsoppgåver:

  • Byggesaksbehandling etter Plan- og bygningslova med tilhøyrande regelverk
  • Dispensasjonsbehandling
  • Matrikkelføring av bygg og eigedom

Ønskja utdanning, erfaring og eigenskapar:

  • Utdanning frå fortrinnsvis ingeniørhøgskule innan bygg/ anlegg. Utdanning innan fagskule og mesterbrev vert vurdert. 
  • GIS/ Kart- kompetans
  • Kjennskap til plan- og bygningsrett
  • Førarkort klasse B
  • Relevant jobberfaring frå privat og off. sektor

Personlege eigenskapar:

  • Løysningsorientert og gode samarbeidsevner.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skrifteleg og munnleg.
  • Evne til å tenkje strategisk og heilskapleg
  • Arbeide sjølvstendig
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
 

Vi tilbyr:

  • spennande oppgåver
  • konkurransedyktig lønn
  • fleksibel arbeidstid
  • pensjonsordning i KLP
  • eit triveleg arbeidsmiljø med utfordrande oppgåver i skjeringspunktet mellom turistutbygging og bygdekultur

Elektronisk søknadsprosess:

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vi oppmodar om at du laster opp vitnemål og attestar som ein del av den elektroniske søknaden, men dei må i tillegg sendast pr. e-post til: postmottak@hemsedal.kommune.no. Referansar vil bli innhenta. Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen. 
 
Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her i Hemsedal kommune.
 

Generell informasjon:

  • Søkjarlister er offentlege
  • Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside. 
  • Vitnemål og attester som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
  • Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
  • Krav om poiltiattest jf gjeldande lovverk i dei forskjellige sektorane 
  • Nynorsk er administrasjonsmål jf målbruksplan, og tilsette må beherske språket
  • Vi oppfordrar til likestiiilng og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7
 

Andre ledige stillingar i Hallingdal (NAV)

Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål er dei seks kommunane i Hallingdal. Vi har eit godt samarbeid og avstanden er slik at det er mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ei anna kommune. På vår webside finn du link til dei andre kommunane i Hallingdal sine websider, der du finn ledige stillingar for den enkelte kommune. På www.nav.no finn du også stillingar som ikkje er kommunale.
 

Søknadsfrist

01.02.2018
 

Kontaktperson

Ola K. Frogner, Teknisk sjef, mobil: 970 58 809, ola.frogner@hemsedal.kommune.no
 

Fant du det du lette etter?