Arealplanleggjar

logo hemsedal kommune
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2450 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.

Søknader blir vurdert forløpande, uavhengig av søknadsfrist

Stillinga står vakant og det er av interesse å tilsette i stillinga så snart som mogleg. Søknader blir derfor vurdert forløpande, uavhengig av søknadsfrist.
 

Vi har ledig stilling som arealplanleggjar. Kommunen har i dag ca. 3 årsverk innan areal- og kommuneplanlegging

Vi har ledig stilling som arealplanleggjar. Kommunen har i dag ca. 3 årsverk innan areal- og kommuneplanlegging. Stillinga ligg til teknisk etat, som har ansvaret for fagområda innan forvaltningsområda bygg, kart- og oppmåling, arealplan, landbruk, næring, miljø og tekniske tenester.
 

Hovudarbeidsområde/ansvar

  • Arealplanlegging og oppgåver knytt til plan- og bygningslova 
  • Utarbeiding av planar i eigen regi og saksbehandling av private reguleringsplanar
  • Behandling av søknader om dispensasjon frå planAndre oppgåver som er knytt til fagområde plan og byggesak
  • Andre relevante oppgåver kan bli lagt til stillinga

Krav til kompetanse

  • Relevant utdanning frå universitets-/høgskulenivå
  • Erfaring med arealplanlegging frå privat og offentleg sektor
  • Kjennskap til plan- og bygningsrett
  • Kjennskap til GIS-verktøy
  • Det er ønskjeleg med førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Løysningsorientert og gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skrifteleg og muntleg
  • Evne til å tenkje strategisk og heilskapleg
  • Arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • Konkurransedyktig lønn
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) 
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med utfordrande oppgåver i skjeringspunktet mellom turistutbygging og bygdekultur

Generell informasjon

  • Søkjarlister er offentlege
  • Søkjarar som ønskjer unntak frå ofentliggjøring, må grunngje dette
  • Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside 
  • Vitnemål og attester som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert
  • Nynorsk er administrasjonsmål jf målbruksplan, og tilsette må beherske språket
  • Vi oppfordrar til likestiiilng og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7
Det er krav om vitnemål og dokumentasjon frå tidlerare arbeidserfaring ved fastsetjing av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.
 

Elektronisk søknadsprosess

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vi oppmodar om at du lastar opp vitnemål og attestar som ein del av den elektroniske søknaden, men må også sendast til postmottak@hemsedal.kommune.no. Referansar vil bli innhenta.
 
Ta kontakt med postmottak ved utfordringar i søknadsprosessen. 
 
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
 

Andre ledige stillingar i Hallingdal (NAV)

Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål er dei seks kommunane i Hallingdal. Vi har eit godt samarbeid og avstanden mellom oss er slik at det er mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ei anna kommune. 
 
På vår webside under linken Hallingdal finn du websidane til dei andre kommunane i Hallingdal. Der kan du søke deg fram til å finne ledige stillingar for den enkelte kommune. Stillingar blir også lagt ut på www.nav.no, og der finn du også stillingar som ikkje er kommunale.
 

Søknadsfrist

15.02.2018
 

Kontaktperson

Ola K. Frogner, Teknisk sjef, mobil: 97058809, ola.frogner@hemsedal.kommune.no
 

Fant du det du lette etter?