Arealplanleggjar

logo hemsedal kommune
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2460 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Høgda over havet varierer frå 560 til 1920 moh på toppen av Høgeloft.

Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Hemsedal skisenter er vel kjend og alpinbakkene har høg kvalitet, samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.

Arealplanleggjar

Vi har ledig fast stilling som arealplanleggjar. Kommunen har i dag ca. 3 årsverk innan areal- og kommuneplanlegging.
 

Om arbeidsstaden

Stillinga ligg til teknisk etat, som har ansvaret for fagområda innan forvaltningsområda bygg, kart- og oppmåling, arealplan, landbruk, næring, miljø og tekniske tenester.
 

Hovudarbeidsområde/ansvar:

  • Arealplanlegging og oppgåver knytt til plan,- og bygningslova 
  • Utarbeiding av planar i eigen regi og saksbehandling av private reguleringsplanar
  • Behandling av søknader om dispensasjon frå plan
  • Andre oppgåver som er knytt til fagområde plan og byggesak
  • Andre relevante oppgåver kan bli lagt til stillinga

Krav til kompetanse

  • relevant utdanning frå universitets-/høgskulenivå
  • erfaring med arealplanlegging frå privat og offentleg sektor
  • kjennskap til plan- og bygningsrett
  • kjennskap til GIS-verktøy
  • førarkort klasse B

Personleg eigenskap:

  • Løysningsorientert og gode samarbeidsevner.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skrifteleg og muntleg.
  • Evne til å tenkje strategisk og heilskapleg
  • Arbeide sjølvstendig
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
 

Vi tilbyr:

  • spennande oppgåver
  • konkurransedyktig lønn
  • fleksibel arbeidstid
  • pensjonsordning i KLP
  • eit triveleg arbeidsmiljø med utfordrande oppgåver i skjeringspunktet mellom turistutbygging og bygdekultur.

Generell informasjon:

  • Søkjarlista er offentlege
  • Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside. 
  • Vitnemål og attestar som ikkje er lasta opp elektronisk
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
  • Nynorsk er administrasjonsmål jf målbruksplan. Administrasjonen nyttar nynorsk som skriftsspråk. 
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7

Elektronisk søknadsprosess:

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden, men dei må i tillegg sendast pr. e-post til: 
postmottak@hemsedal.kommune.no. Referansar vil bli innhenta.
 
Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no dersom utfordringar ved oversending av søknaden. Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her i Hemsedal kommune.
 

Andre ledige stillingar i Hallingdal (NAV):

Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål er dei seks kommunane i Hallingdal. Vi har eit godt samarbeid og avstanden mellom oss er slik at det er mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ei anna kommune. 
 
På vår webside under linken Hallingdal finn du websidane til dei andre kommunane i Hallingdal. Der kan du søke deg fram til å finne ledige stillingar for den enkelte kommune. Stillingar blir også lagt ut på www.nav.no, og der finn du også stillingar som ikkje er kommunale.
 

Søknadsfrist:

26.11.2017
 

Kontaktperson:

Ola K. Frogner, Teknisk sjef, mobil: 97 05 88 09, ola.frogner@hemsedal.kommune.no

Fant du det du lette etter?