Seksjonsleiar plan, klima og analyse
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vil du leie Vestland fylkeskommune sitt overordna arbeid med plan, klima og analyse?
Vi ser etter deg som er ein erfaren og engasjert leiar, som er tydeleg og løysingsorientert, og som vil være seksjonsleiar for plan, klima og analyse i Vestland fylkeskommune. Fagområdet har stor politisk merksemd, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Dei regionale ambisjonane og måla knytt til bærekraftig utvikling er høge og er tydelege på den administrative og politiske dagsorden. Ansvarsområdet er sentralt i det samla samfunnsutviklingsarbeidet i Vestland.
Seksjonen er i dag delt inn i tre fagansvarsområder; regional plan og analyse, kommunal plan, og klima, miljø og stadutvikling. Desse tre er fagleg leia av kvar sin fagkoordinator. Seksjonen har eit strategisk og sektorovergripande samordningsansvar i heile Vestland fylkeskommune. Seksjonen har tilsette både i Bergen og på Leikanger.
Avdelinga og seksjonen har ein utstrakt bruk av prosjektorganisering og samarbeid på tvers. Sentralt i rolla er å representere Vestland fylkeskommune eksternt i dialog og samhandling med kommunar, statlege etatar og andre samarbeidspartar.
Arbeidsoppgåver
- Som seksjonsleiar vil du være personalleiar for ca. 30 tilsette, inngå i leiargruppa på avdeling for næring, plan og innovasjon, og du vil vere ein viktig bidragsytar når det gjeld utvikling av Vestland fylke.
- Vere ein viktig bidragsytar når det gjeld berekraftig utvikling av Vestland fylke, og ivareta ansvaret fylkeskommunen har i rolla som regional planmynde.
- Prosjekt- og linjeansvar for "Utviklingsplan for Vestland", utviklingsprosjekt og fleire regionale planar.
- Førebu saker til politisk handsaming og delta i politiske møter i Fylkesutvalet.
- Bidra til god samordning og sikre fylkeskommunen sine interesser innan kommunal plan.
- Ivareta fylkeskommunen si rolle som høyringspart i plansaker.
- Bidra til samarbeid og rettleiing av kommunane i Vestland innan areal- og samfunnsplanlegging, klima, miljø og stadutvikling.
- Bidra til kunnskapsutvikling, kvalitetssikring, samordning og formidling av statistikk og analyse.
- Bidra til at klima-, miljø- og naturomsyn vert integrert i internt arbeid og regionale planar, samt sikre klimaomstilling i regionen.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan planområdet eller eventuelt eit av dei andre fagområda.
- Kunnskap om offentlig forvaltning, blant anna om samspelet mellom politikk og administrasjon.
- Erfaring og kunnskap om økonomistyring og personalleiing.
- Kjennskap til seksjonen sitt ansvarsområde og dei nasjonale føringane som set rammer for kvaliteten og driv utviklinga av området.
- Gode kommunikasjonsevnar.
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevnar og leiareigenskapar.
- Evne til å planlegge, styre og kvalitetssikre, ta avgjersler, prioritere og avklare forventningar i samsvar med mål og rammer.
- Evne til å bygge tillit, trygge meistringsklima og eit godt arbeidsmiljø.
- Du må kunne bygge nettverk og samhandle med eksterne aktørar, og kunne representere fylkeskommunen administrativt på vegne av fagområdet på ein tydeleg og truverdig måte.
Vi tilbyr
- Hos oss vil du leie og vere ein del av eit kunnskapsrikt og tverrfagleg fagmiljø. Du vil arbeide tett med kompetente fagfolk innan planlegging, klima, miljø, analyse og tettstadsutvikling.
- Løn etter avtale.
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
- Fleksibel arbeidstid.
- Kontorstad er Vestlandshuset i Bergen eller fylkeshuset på Leikanger.
Andre opplysningar:
- Reiseverksemd må påreknast.
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med Bård Sandal.
Kontaktinformasjon
- Bård Sandal, avdelingsdirektør, telefon 97051716
Søknadsfrist
- 13.09.2024
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.