Organisasjonssjef - Møre og Romsdal

logo bondelaget
Norges Bondelag er ein organisasjon for både bønder og alle andre som synest at norsk matproduksjon er viktig. Norges Bondelag arbeider for å betre vilkåra for landbruket og synleggjere betydninga landbruket har for samfunnet. Vi har ca. 60 000 medlemmer fordelte på meir enn 500 lokallag. Det er 110 tilsette i organisasjonen, 55 av desse jobbar ved hovudkontoret i Hollendergata i Oslo, og 55 er fordelte på dei 17 fylkeskontora våre.

Vi søkjer ein samfunnsengasjert og positiv organisasjonssjef med interesse for den rolla organisasjonen speler i landbrukspolitikken, til fylkeskontoret vårt i Møre og Romsdal, med kontorstad i Molde. Møre og Romsdal Bondelag har ca. 3300 medlemmer, og fylkeskontoret har tre tilsette.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • næringspolitisk og fagleg verksemd
  • organisasjonsarbeid og støtte til fylkes- og lokallag
  • drift av fylkeskontoret
  • kontakt med statlege og fylkeskommunale forvaltningsorgan
  • samarbeid med organisasjonane i landbruket
  • medie- og politikarkontakt

Vi søkjer etter en person med:

  • god kjennskap til landbruket og landbruksorganisasjonane
  • gode samarbeidsevner og engasjement
  • relevant høgare utdanning
  • erfaring frå utoverretta verksemd/organisasjonsarbeid
  • leiarerfaring og administrativ erfaring

Vi tilbyr godt eit arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer, fleksitid, noko reiseverksemd, gode personal- og forsikringsordningar og konkurransedyktig lønn. 

Nærare opplysningar om stillinga ved fylkesleiar Olav Håkon Ulfsnes 90 01 58 88,
Arnstein Tveito tlf. 97 56 46 13 eller personalsjef Catharina Andersen 90 51 51 52.

Alle søknader blir vurderte etter kvart, og søknadsfristen er 15. oktober 2023.

Send søknaden til stilling@bondelaget.no.

Fant du det du lette etter?