Organisasjonssjef i Norges Bondelag

bondelaget
Vi søkjer ein samfunnsengasjert og positiv organisasjonssjef med interesse for den rolla organisasjonen speler i landbrukspolitikken, til fylkeskontoret vårt i Møre og Romsdal, med kontorstad i Molde. Møre og Romsdal Bondelag har ca. 2700 medlemmer, og fylkeskontoret har to tilsette.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • næringspolitisk og fagleg verksemd
  • organisasjonsarbeid og støtte til fylkes- og lokallag
  • drift av fylkeskontoret
  • kontakt med statlege og fylkeskommunale forvaltningsorgan
  • samarbeid med organisasjonane i landbruket
  • medie- og politikarkontakt

Vi søkjer etter en person med:

  • god kjennskap til landbruket og landbruksorganisasjonane
  • kjennskap til offentleg forvaltning og politikk
  • gode samarbeidsevner og engasjement
  • relevant høgare utdanning
  • erfaring frå utoverretta verksemd/organisasjonsarbeid
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi tilbyr godt eit arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer, fleksitid, noko reiseverksemd, gode personal- og forsikringsordningar og konkurransedyktig lønn. 

Nærare opplysningar om stillinga ved fylkesleiar Olav Håkon Ulfsnes 900 15 888,

Elin Røed tlf. 928 18 333 eller personalsjef Catharina Andersen 905 15 152.
 

Søknadsfrist 14. april 2026! 

Fant du det du lette etter?

Samarbeidspartnere