Oppmålingsingeniør

logo suldal kommune
Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.

Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.

Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.

Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.

Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.

Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.

Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Oppmålingsingeniør 100% fast stilling

Frå 15.10.24 er det ledig 100% fast stilling som oppmålingsingeniør på tenesteområde bygdeutvikling.

Eining Bygdeutvikling er lokalisert på Garaneset ved kommunesenteret Sand. Me er samlokalisert med eining Teknisk drift.

Om eining Bygdeutvikling

Me har ansvar for arealplanlegging, tettstadutvikling, landbruk, natur, viltforvaltning, oppmåling/ geografisk informasjon, byggesak, fysiske kulturminne og naturressursbasert næringsutvikling. Det er saker som gjeld enkeltinnbyggarar, næringsliv, andre offentlege etatar og verksemder, ålmenta sine interesser m.m. 

Me er vertskommune for vassområde Ryfylke og har sekretærfunksjon for Villreinnemnda Setesdal Ryfylke. 

Stillingsressursen ved eining bygdeutvikling er i dag 11 personar,  9,5 årsverk.

Oppgåvene som er tillagt stillinga er:

  • Saksbehandla etter matrikkellova og eigarseksjonslova
  • Gjennomføre oppmålingsforretningar frå A til Å
  • Matrikkelføra
  • Matrikkelforbetringar/ kvalitetsheving av eigedomsdelen i matrikkelen
  • Behandla seksjoneringssøknader
  • Rettleie innbyggarane med utforming av søknader om deling
  • Rettleie innbyggjarane i spørsmål om kart, grenser, rettighetar, heftelsar etc.

Andre arbeidsoppgåver:

  • Andre oppgåver under avdeling bygdeutvikling kan verte aktuelt ved behov

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer etter ein person med utdanning på Bachelor-nivå innan relevant fagområde, fortrinnsvis eigedomslandmåling, geomatikk, eigedom og jus
  • Har autorisasjon som eigedomslandmåler, eller moglegheit for å ta autorisasjonsprøven for landmålarbrev
  • Har erfaring med å jobbe i offentleg eller privat sektor
  • Gode datakunnskapar, ynskjeleg med kompetanse innan geografiske informasjonssystem (GIS)
  • Har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.

Det vil bli lagt vekt på den tilsette sine interesser, utdanning og erfaring. 

Det er krav om førarkort klasse B.

Kva kan me tilby som arbeidsplass?

Me tilbyr eit spennande og variert arbeidsmiljø med engasjerte kollegar.

  • Fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Fleksibel arbeidstid og gode lønns- og pensjonsvilkår.
  • Gode ordningar for kompetanseutvikling og utdanning.
  • Ønskjer du å prøvebu i Suldal? Me skjønar godt at det å busetta seg i Suldal ikkje er ein beint fram sak for alle. Me kan difor tilby deg å leige bustad først, som du kan få tilbod om å kjøpa seinare – om du trivst hos oss.
  • Fleksibel arbeidstid og avspaseringsordningar. Treng du å begynne seinare fordi du skal levera i barnehagen? Treng du fri ein fredag for å ta ein langhelg på hytta? Ingen problem! Me forstår at det kan vera viktig å ha rom for fleksibilitet i ulike fasar av livet og det får du gjennom våre fleksitidsordningar og høve til avspasering.
  • Stillinga blir plassert under stillingskode [skriv inn stillingskode og tittel]
  • Det er mange andre godar ved å arbeida hos oss, trykk på denne lenka for å lese meir om dei.

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering  av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har vitnemål elektronisk kan det takast med til intervju.
  • reng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf 52 79 22 00

Søknadsfrist:

  • 15.09.2024

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
 

Fant du det du lette etter?

Samarbeidspartnere