Fjelloppsyn

logo fjellstyra på hardangervidda
Fjellstyra på Hardangervidda AS er heileigd av dei 6 fjellstyra på Hardangervidda og Hardangervidda Grunneigarsamskipnad. Selskapet har arbeidsgjevaransvaret for våre fjelloppsyn. Dei tilsette står for dagleg drift av fjellstyrekontor, skjøtselsoppgåver, naturfaglege registreringar, informasjonsarbeid samt oppsyn med miljølovverka. Det blir utført arbeid på oppdrag frå Statens naturoppsyn og fleire forvaltnings- og forskingsinstitusjonar. Den operative verksemda ber namnet Hardangervidda Fjelloppsyn.

Me søkjer etter ny medarbeidar med tittel fjelloppsyn (1 fast stilling). Selskapet si oppdragsmengde kan verta utvida og det kan verta aktuelt å tilsetja fleire personar utover den eine faste stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift av fjellstyra som forvaltar Ullensvang og Røldal statsallmenning.
  • Sakshandsaming, administrativt arbeid, service og kontakt med brukarane av statsallmenningen.
  • Skjøtselsoppgåver i statsallmenningane (transportar, vedlikehald av hytter, fiskekultivering og liknande).
  • Naturoppsyn. Jakt- og fiskeoppsyn. Handheving av miljølovverka.
  • Informasjonsarbeid. Rekruttering
  • Arbeid med naturfaglege registreringar.

Andre oppgåver kan kome i tillegg. Arbeidsoppgåver blir tillagt gjennom heile året med høgsesong sommar og haust. Feltarbeidet vil i hovudsak føregå på Hardangervidda, men oppgåver kan også kome i tilgrensande områder.

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor eller tilsvarande innan utmarks- eller naturforvaltning.
  • Erfaring med sakshandsaming, naturoppsyn og anna feltarbeid.
  • Søkjarar med anna særleg relevant utdanning og erfaring vil verta vurdert.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Gode digitale ferdigheiter.
  • Løysingsorientert og praktisk anlagt.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Personleg eignaheit blir tillagt vekt.
  • Det er ein føresetnad at søkjaren kan tildelast begrensa politimyndighet.

Lokalisering:

Kontorstad er i Ullensvang kommune. Det er ynskjeleg at arbeidstakaren er busett i Ullensvang kommune.

Lønn- og arbeidsvilkår:

  • Lønn etter avtale.
  • 6 månader prøvetid.
  • Bruk av bil blir godtgjort etter tariffesta kompensasjonsordning.

Me kan tilby:

  • Ein utfordrande og spanande jobb knytt til fjellet.
  • Eit allsidig arbeid med sesongvariasjonar.
  • Eit godt fagmiljø.
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling.

Øvrig informasjon:

Ein ber om at det går fram om ein har erfaring med snøskuterkøyring. Det er ynskjeleg at arbeidstakaren har førarrett for klasse S (snøskuter) og BE (personbil med hengjar). Det er ynskjeleg at arbeidstakaren har båtførarbevis (gjeld for søkjarar fødd etter 01.01.1980).

Meir informasjon om oss finner du her. Vil du vite meir om fjellstyrene i Norge finner du det her og her samt i fjellstyrenes 100 års jubileumsfilm.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Ole Rune Røkenes, tlf 94978534. 

Merk at namnet på ein søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at namnet blir unntatt offentlegheit. Ønskje om unntatt offentlegheit må grunngjevast i søknaden jf. offentlegheitslova § 25, andre ledd. Du vil bli varsla dersom ønsket ikkje kan etterkomast.

Søknadsfrist:

  • 04.03.2024

Søk stillingen her

 

Fant du det du lette etter?